Alt det me har bore, Veslemøy Flotve (PAS)

Performance Art Stavanger presenterer i samarbeid med Studio K ein utstilling med ein 3 dagars interaktiv performance av kunstnar Veslemøy Flotve.

"Det ligg mykje minner i plagga me har på oss kvar dag. Dei kan seie noko om kven me er, kor me kjem frå og kva tid me lever i. I kleda vore finst det mykje historie og minner. Lukta av bestefars jakke, fargen på den strikka genseren til norsklæraren din, den fyrste skinnjakka du kjøpte med eigne pengar.  Plagga gir eit innblikk på kva me ber på kvar dag."

Alt det me har bore er eit prosjekt som utforsker krafta tekstiler har til å halda på minner og vekkja historiar til live. Prosjektet starta med at kunstnaren bearbeida arva klede frå kvinnelege slektningar som ho klippa i strimler og strikka til eit stort tekstilt verk. 

I utstillingen på Studio K inviterer Flotve publikum til å ta del i eit rituale som utvikler seg over tre stadier. Dekonstruksjon av brukte klede, transformasjon og rekonstruksjon til noko større.


Du inviteres til å ta med klede du ikkje lenger har behov for, gjerne klede med eigne historiar og minner knytta til seg, og ta del i dei ulike stadia. 

Veslemøy Flotve er utdanna med ein BA i samtidskunst frå Universitetet i Bergen ved Fakultetet for Kunst, Musikk og Design (KMD). Ho er født og oppvaksen på Stord, men bur og arbeider no her i Stavanger. Primært arbeider Flotve med tekstil- og performancekunst der ho utforsker grenser mellom kropp og materiale. Tematikkar som ho ofte arbeider med inkluderer kjønn, identitet, atferd og påverking. 

Åpningstider:
Fredag 22. april 16.00-19.00
Lørdag 23. april: 12.00-16.00
Søndag 24. april: 12.00-17.00
    Finissage/avsluttande performance søndag 24. april 16.00-17.00

Studio K støttes av Time Kommune, Rogaland Fylkeskommune og Kulturrådet.